Andre byar som hadde ønskt å arrangera meisterskapen, var Anchorage i USA,Östersund og Åre i Sverige og Sofia i Bulgaria.
Norsk flaggberar under opningsseremonien var Bjørn Dæhlie, som deltok i langrenn.
Nyvinningar
Ettersom IOK hadde vedteke at sommar- og vinter-OL frå no av skulle haldast med to år imellom, blei OL på Lillehammer arrangert berre to år etter OL i Albertville i 1992. Dette er einaste gongen same typen OL er blitt halde med så kort mellomrom.
Dette OL-arrangementet var det første i historia som der resultata vart formidla direkte via
Internett, av det norske selskapet Oslonett.