Bdebba (arabisk بدبا) er ein gresk-ortodoks landsby i Koura distrikt i Libanon.
Ordet Bdebba har assyrisk opphav og består av to delar, Bet Dibba. Bet tyder «hus» og Dibba tyder «bjørn».[1]
Bdebba ligg 290 meter over havet, 70 km nord for Beirut, 5,5 km aust for Middelhavet og 10 km sør for Tripoli.
Bdebba har ruinar som går attende til fønikisk tid, mellom anna gamle grotter og sarkofagar. Det er òg oppdaga ruinar frå krosstoga i byen.
Det står to gresk-ortodokse kyrkjer og eit kloster i byen.
Kjelder
|
---|
Administrasjonsstad | | |
---|
Byar og landsbyar | |
---|