Koura (arabisk الكورة, frå gresk χώρα, «land») er eit distrikt i Nord guvernement i Libanon.
Koura er eit av 36 distrikt i Libanon, og er særleg kjend for produksjon av oliven. Koura består av i alt 52 landsbyar. Den største byen og det administrative senteret er Amioun, med kring 10 000 innbyggjarar i 2010.
Området er geografisk variert med kysten ved Middelhavet, ei stor olivenkledd slette og nokre landsbyar i fjella.
Det er hovudsakleg eit gresk-ortodoks distrikt, men her bur òg mange maronittiske katolikkar, sunni-muslimar, sjia-muslimar og nokre få alawittar.
Kjelder