Bandar Seri Begawan (ofte korta ned til BSB eller Bandar) er hovudstaden i Brunei. Han ligg nord på Borneo, ved nordbreidden av elva Brunei. Byen ligg 15 km frå elvemunningen i Sørkinahavet, og har med si elvehamn lenge vore eit handelssenter. I 2015 hadde byen rundt 50 000 innbyggjarar.
Namn
Bandar Seri Begawan fekk det noverande namnet sitt den 5. november 1970. Det tidlegare namnet på byen var Bandar Brunei, Brunei by. Bandar kjem opphavleg frå persisk og tyder 'by' eller 'hamn' på malayisk. Seri kjem frå sanskritordetsri som tyder 'heilag'. Begawan er ein tittel av sanskritopphav med tydinga 'herre' som tradisjonelt har vore brukt av sultanane i landet. Namneendringa blei gjort for å æra Omar Ali Saifuddien, far til den dåverande sultanen av Brunei, Hassanal Bolkiah.
Soge
Folk har budd i pålehus nær denne staden i fleire hundre år. Byen blei hardt skadd under andre verdskrigen, men blei etter dette gjenoppbygd som økonomisk of administrasjonssenter for Brunei.
Økonomi og kommunikasjon
Økonomien i Bandar Seri Begawan og Brunei har vokse på petroleumsindustri. Ein prøver òg å byggja opp andre servicenæringar.
Bydelen Kampong Ayer, med rundt 30 000 innbyggjarar, er bygd på pålar ute i elva.
I Bandar finst fleire to veldige bygg. Sultan Omar Ali Saifuddin-moskeen, bygd i 1965, var lenge den største i Søraust-Asia. Jame'asr Hassanil Bolkiah-moskeen frå 1994 er større. Like sør for bysentrumet ligg sultanpalasset Istana Nurul Iman. Det blei fullført i 1985, og er rekna som verdas største residenspalass.