Til saman 61 millionar menneske har dette språket som morsmål. Gjennom Persarriket har språket hatt stor historisk tyding og utbreiing, og det har framleis ein høg status mange stader. Persisk blir skrive med ei tilpassa utgåve av det arabiske alfabetet, dette blir ofte kalla det persiske alfabetet.
Dei mest nærskylde språka til persisk er kurdisk, balutsji og mazandarani.[1]
Tradisjonelt har språket blitt kalla «persisk» på norsk, nett som språket tradisjonelt heiter Persian på engelsk, Persisch på tysk og perse på fransk. Ein har også brukt nemninga «nypersisk» for å skilja det frå gamalpersisk og mellompersisk. Frå slutten av 1900-talet har det òg blitt vanleg å seie «farsi», etter det persiske endonymet fârsi. Det iranske Akademiet for persisk språk og litteratur[2] som har medlemer frå Iran og dei persiskspråklege landa Tadsjikistan, Afghanistan og Usbekistan, har kome med ei fråsegn der dei frårår at nemninga farsi blir nytta på europeiske språk i staden for persisk, Persian osb. med denne grunngjevinga:[3]
Persisk/Persian osb. har vore nytta i mellom anna kulturelle, vitskaplege og diplomatiske dokument i mange hundre år, og det å nytte farsi i staden for persisk ville bryte ein vektig historisk tradisjon.
Det å ta i bruk farsi i staden for persisk gjev inntrykket av at vi har å gjera med eit nytt språk – noko som også kan vere intensjonen til somme av dei som nyttar farsi.
Å endre språkbruken kan òg gje inntrykk av at farsi er ein dialekt som er nytta i nokre delar av Iran, og ikkje det rådande og offisielle språket i landet.
Ordet farsi har aldri vore nytta i nokon vitskapleg artikkel eller noko universitetsdokument på noko vestleg språk,og framlegget om å ta det i bruk kan skape tvil og uvisse om namnet på det offisielle språket i Iran.
Det er viktig å skilje mellom adjektiva persisk og iransk. Persisk har å gjere med eitt av språka eller éi av dei etniske gruppene i Iran, Afghanistan osb., medan iransk har å gjere med landet Iran, der det blir tala 75 ulike språk,[4] eller med den iranske greina av den indoeuropeiske språkfamilien, som persisk høyrer til.
Dei fonetiske særmerka i den språklege utviklinga frå gammalpersisk til farsi (jf. zend) er hovudsakleg bortfall av endevokalar og at ustemde k, t, p, c (tsj) er blitt stemde g, d, b, z. Døme:
Morfologisk står gammalpersisk på om lag same nivå som sanskrit. Nomen, men ikkje verb, har dualis, og av dei åtte kasusa i sanskrit manglar gammalpersisken berre dativ. Verbet har både konjunktiv og optativ, sama rike utbygging av presensstammen av om lag same tempus som sanskrit. Mellompersisk har ei total ombygging, og er i hovudtrekk identisk med moderne persisk.
Frå starten av hadde nypersisk dei korte vokalanea, i, u, og dei lange æ, i, u, e (opphavleg ai) og ø (opphavleg au). I moderne persisk blir opphavleg a uttala som open e (eller æ), æ som norsk å, og e og ø som i og u. Til dømes heitte det før Eran, no Iran og før kõh og rõz, no kuh og ruz. Denne fonetiske endringa er, i tillegg til den innverknaden arabisk har hatt på språkbruk og ordforråd nesten den einaste utviklinga nypersisk har gjennomgått dei seinaste 900 åra.
Fonologi
Vokalar
fremre
bakre
trong
ی
و
midtre
ِ
ُ
open
َ
ا
fremre
bakre
trong
/i/ [i]
/u/ [u]
midtre
/e/ [e]
/o/ [o]
open
/a/ [æ]
/â/ [ɒ]
Vokallengd er ikkje tydingsskiljande i moderne persisk.
Persiske verb kan uttrykkje tempus og aspekt og blir bøygde i person og numerus. Det finst ikkje noko grammatisk genus. Suffiks er vanlegast, men prefiks førekjem òg. Verbet blir sett sist i setninga.
I formbygninga er persisk sterkt forenkla samanlikna med gammalpersisk. Alle kasusa har forsvunne, men språket har bygd opp ein ny possessivpartikkel mellom det styrande og styrte (for eksempel barâdar-e-pedar برادر پدر , 'bror-til–far') og ei objektform som er merkt med postposisjonen-râ را (gammalpersisk rad, 'veg'), ofte med ordet mar مر framom, for eksempel mard-râ مردرا («åt mannen»).
Pluralendinga -ân har oppstått frå genitiv pluralis -ân og -âm for animatar og -hâ for inanimatar (men i noverande daglegtale alltid -hâ), for eksempel mardân مردان ('menn'), gol-hâ گلها ('roser'). Dualis har forsvunne.
Ingen bunden artikkel finst, men ein ubunden med endinga -e i for eksempel gole, alternativt yake gol, 'ei rose'.
Adjektivet er ubøyeleg, men blir foreint med det føregåande substantivet sitt gjennom ein possessivpartikkel -e-, for eksempel mardân-e-beh («dei gode mennene»). Komparasjon skjer gjennom endingane -tar og -tann, i for eksempel behtar بهتر («betre»), bahtann («best»); av gammaliransk beh, «det gode»).
Personlege pronomen blir possessivbøygd som nomen, til dømes man ('eg'), tu ('du'), pedar-e-man ('min far'), pedar-e-beh-e-tu-râ ('til din gode far'). På same måten som norsk skil persiske pronomen seg frå substantiva ved å ha kasus, og possessiv i dativ-akkusativ blir uttrykt gjennom suffiks, som i pedar-am ('min far'), burd-at ('han bar deg'). Det relative pronomenetke ('som') er ubøyeleg.
Finitte verbformer blir danna dels av presensstammen: imperativbar ('bera'), også presens: mibar-am ('eg ber'), futurum, bibar-am ('eg skal bera'), bar-ân ('berande'); dels av perfektstammen: burd-am ('eg bar'), burd ('han bar'), burda ('boren'), burd-an('å bera'). Fleire andre tempus, til dømes passiv, blir danna med hjelpeverb, som i burde-am ('eg har bore'), burd(e)-ast ('han har bore'), og dette blir lagt til grunn for danningar som burdast-am ('eg har bore'); burdâ büd-am ('eg hadde bore'), burda savam ('eg blir boren').
Possessiv kan uttrykkast med innskot av -e- (døme: hønseegg toxm-e-morɣ eigentleg 'egg—av ei—høne').
Etter at Persia vart erobra av arabarane (650) følgde igjen ein mesta litteraturlaus periode på over 200 år. Dette varer fram til nypersisk (skrive med arabiske bokstavar) frå og med 800-talet framtrer med omtrent same grammatiske formbygnaden som han har i våre dagar.
Dei fleste parsiske skriftene blei øydelagde etter den muslimske erobringa av Persarriket, men parsarane som flykta til India tok med seg nokre av dei viktigaste bøkene, blant dei Avestaen og kommentarboka Zend.