Andreas Aarflot (fødd 1. juli 1928) er ein norsk teolog og biskop emeritus i Den norske kyrkja.
Aarflot vart fødd i Yiyang i Hunan i Kina, der mor og far hans tente Det Norske Misjonsselskap. Sjølv er han cand. theol. frå Det teologiske menighetsfakultet (1951) og dr. theol. frå Universitetet i Oslo (1970). Han hadde studieopphald i Heidelberg i Tyskland, i England og i USA og vart utnemnd til æresdoktor ved St. Olaf College (1987) og æresmedlem av Finska kyrkohistoriska sällskapet (1978).
Aarflot har mellom anna arbeidd for Den norske Sjømannsmisjon og Indremisjonsforbundet og gjort presteteneste i Røyken. Han arbeidde ved Menighetsfakultetet som stipendiat frå 1960, fakultetslektor frå 1968 og dosent frå 1970 før han vart professor i 1976. Same året vart han utnemnd til biskop i Borg bispedømme etter at Per Lønning trekte seg i protest mot abortlovgjevinga. I 1978 tok Aarflot over etter Kaare Støylen som biskop i Oslo og preses i bispemøtet.
I eigenskap av preses heldt han preika under signinga av Kong Harald V i Nidarosdomen 23. juni 1991. Aarflot vigsla Rosemarie Køhn til biskop. Ho var den første kvinnelege biskopen i Noreg og Norden. Han vart etterfølgd som biskop i Oslo av Gunnar Stålsett; utnemninga av Stålsett skapte debatt.
Aarflot vart rekna som ein moderat konservativ biskop og høyrde teologisk til sentrum i Den norske kyrkja.
I 1979 vart biskop Aarflot utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden.