Heidelberg ligg ved elva Neckar der ho renn ut av ein smal og bratt dal i Odenwald og munnar ut i Rhindalen 20 km nordvest for Heidelberg og munnar ut i Rhinen ved Mannheim. Heidelberg er ein del av tett folkesette området kalla Rhein-Neckar-Triangelet.
Historie
For om lag 600 000 år sidan levde «Heidelbergmannen» her og døydde i Mauer i nærleiken. Kjeven hans vart oppdaga i 1907 og er det tidlegaste beviset på menneskeslekta i Europa.
På 400-talet fvt. var det ein keltisk festning og heilagdom her. Ein kan framleis sjå spor etter begge. I år 40 vart det bygd ein ny festning som var okkupert av romarane. I år 260 vart leiren erobra av ei germansk stammer.
Spora etter det som i dag er Heidelberg byrjar på 400-talet då landsbyen Bergheim først vart nemnd i dokument frå 769. Bergheim ligg i dag midt i det moderne Heidelberg.
I 863 vart klosteret St. Michael grunnlagd på Heiligenberg inne i den gamle keltiske festninga, og rundt 1130 vart Neuberg kloster grunnlagt i Neckardalen. Samtidig oppretta bispedømet WormsSchönau kloster i 1142. Det moderne Heidelberg har røter i dette klosteret.
I 1303 er det nemnd to borger. Den som låg lengst opp i fjellet vart øydelagd av ein krutteksplosjon i 1537, og palasset som ligg i Heidelberg i dag vart så bygd på same stad som den nedste borga. I 1356 fekk grevane av Pfalz utvida rettar og vart kurfyrstar.
I 1386 vart universitetet i Heidelberg grunnlagd av kurfyrste Rupert I av Pfalz. Universietetet spelte ei viktig rolle for humanisme og reformasjonen, og i konflikten mellom lutheranisme og kalvinisme på 1400- og 1500-talet. Biblioteket i Heidelberg, grunnlagt i 1421, er det eldste biblioteket i Tyskland som framleis er intakt. Eit par månadar etter kunngjeringa av dei 95 tesane kom Martin Luther til Heidelberg i april 1518 for å forsvare dei.
I 1620 vart den kongelege krona av Böhmen gjeven til kurfyrste Fredrik V (gift med Elizabeth, den eldste dottera til Jakob VI av Skottland). Han vart kjend som «vinterkongen» sidan han berre regjerte ein vinter før Habsburg tok krona med makt. Dette markerte byrjinga på trettiårskrigen.
I 1622 vart Heidelberg erobra, etter to månader med omleiring, av hæren til den katolske ligaen kommandert av Johann Tserclaes av Tilly. Han gav den kjende Bibliotheca Palatina til paven som ei gåve. Katolikkane fekk kontroll over Pfalz og kurfyrstetittelen. I 1648, mot slutten av krigen, fekk Fredrik V sin son Karl I Ludvig av Pfalz landet og tittelen tilbake.
For å styrke dynastiet sitt gifta han bort dottera si til Liselotte til Filip I av Orléans, bror til Ludvig XIV, konge av Frankrike. I 1685, etter at Karl Ludvig sin son, kurfyrste Karl II, døydde gjorde Ludvig XIV grav på svigerinna si arv. Kravet vart avvist og dette starta ein krig. I 1689 vart byen og slottet tatt av franske troppar, som nesten heilt øydela byen i 1693.
I 1720 førte religiøse konfliktar med innbyggjarane i Heidelberg til at kurfyrste Karl III Filip flytta til Mannheim i nærleiken, som vart den nye residensen for kurfyrstane fram til Karl Teodor vart kurfyrste av Bayern i 1777 og etablerte hoffet sitt i München.
På 1700-talet vart byen bygd om i barokk stil over den gamle gotiske planløysinga. I 1815 danna keisaren av Austerrike, tsaren av Russland og kongen av Preussen «Den heilage alliansen» i Heidelberg.
I 1848 vart det avgjort at ein skulle ha ei tysk nasjonalforsamling i Heidelberg. Under opprøret i Pfalz-Baden i 1849 var Heidelberg hovudkvarter for revolusjonshæren som slo den prøyssiske hæren nær Waghaeusel. Fram til 1850 var byen okkupert av prøyssiske troppar.
Steven P. Remy: The Heidelberg Myth: The Nazification and Denazification of a German University. Cambridge: Harvard University Press, 2002. 329 P. ISBN 0-674-00933-9.