Økonomien i departementet er stort sett driven av turisme. Berre Paris har fleire hotell enn Nice. På grunn av det milde klimaet kjem det turistar her året rundt.
Av andre store industriar finn ein parfymeindustrien i Grasse og den høgteknologiske industrien rundt Sophia-Antipolis.
Demografi
Innbyggjarane i departementet vert kalla maralphins, men vert òg ofte kalla azuréens.
Då Nice vart fransk i 1860 var det framleis ein liten by og departementet hadde mindre enn 200 000 innbyggjarar. Folketalet voks derimot raskt frå 300 000 på byrjinga av 1900-talet til over ein million. Folkesetnaden vert derimot eldre fordi mange pensjonistar flyttar til kysten.
Folkesetnaden er i dag konsentrert i dei urbane områda rundt Cannes, Grasse, Nice og Menton, som har 90 % av den totale folkesetnaden.
Turismen i departementet er konsentrert om Rivieraen, kjend som Côte d'Azur, med sine strender og lukseriøse hotell.
Området innanfor Cote d'Azur er fint for utandørssport som sykling, fjellsykling, skigåing, fjellturar, fjellklatring, kanoroing, rafting, fiske og riding.