André Tanneberger (fødd 26. februar 1973) er ein tysk DJ kjend under artistnamnet ATB.
André Tanneberger kjem frå Freiberg i Sachsen. Tidleg på 1990-talet var André Tanneberger med i dance-gruppa Sequential One, som hadde stor suksess i Tyskland, men vart oppløyst i 1999. Då hadde Tanneberger allereie starta sitt nye soloprosjekt, ATB. I 1999 gav han ut debutplata Movin' Melodies, der singlane «9pm (Till I Come)» og «Don't Stop» var med.
Etter suksessen med fyrsteplata, har ATB gjeve ut ei rekkje trance- og elektronika-album fram til i dag. Ifylgje DJ Magazine hamna han på 11. plass på lista over verdas beste DJ-ar i 2009. Av seinare populære ATB-singlar kan nemnast «Hold You», «Let U Go» og ein coverversjon av Olive-låta «You're Not Alone».