Fristaten Sachsen (tyskFreistaat Sachsen, sorbiskSwobodny Stata Sakska) er eit forbundsland i Tyskland. Hovudstaden er Dresden, arealet er 18 416 km² og folketalet 4 086 218 i 2022. Sachsen ligg nord for det tsjekkiske landskapet Böhmen og grensar til den polske delen av Nedre Schlesien, til Bayern, Thüringen, Sachsen-Anhalt og Brandenburg. Sachsen har ein meir enn tusenårig historie som hertugdømme, kurfyrstedømme og kongerike. I 1918 vart Kongeriket Sachsen omdanna til Fristaten Sachsen. Fristaten vart oppløyst under kommunisttida da den hamna i DDR. Han vart gjenoppretta i 1990 innanfor hovudsakleg dei same grensene som før.