7. serierunde i Tippeligaen 2013 starta med to kampar laurdag 4. mai, då Sandnes Ulf tapte 2–1 heime for Vålerenga og Aalesund spelte 2–2 heime mot Rosenborg, som kom attende etter å ha lege under 2–0 fram til det var 25 minuttar igjen av kampen. Runden fortsette søndag 5. mai med heimesigrar for Odd mot Lillestrøm, Strømsgodset mot Viking og Sogndal mot Brann, medan Haugesund tapte heime mot Sarpsborg og Hønefoss heldt Tromsø til uavgjort på heimebane.
Runden vart avslutta med Start og Molde måndag 6. mai. Kampen enda uavgjort og Molde var framleis det einaste laget så langt som ikkje hadde vunne ein kamp. Dei regjerande seriemeistrane låg no desidert sist på tabellen med fire poeng opp til Hønefoss på plassen over og seks poeng opp til sikker plass.
Statistikk
|
|
Mål i alt:
|
23
|
Snitt mål:
|
2,88
|
Tilskodarar totalt i serierunden:
|
40 086
|
Snitt tilskodarar per kamp:
|
5 010
|
Flest tilskodarar:
|
9 385 Aalesund–Rosenborg
|
Færrast tilskodarar:
|
2 668 Hønefoss–Tromsø
|
Gule kort:
|
21
|
Utvisingar:
|
1
|
Fakta
Kjelder
|
---|
Lag | |
---|
Serierundar | |
---|
Lagartiklar for 2013 | |
---|