Klubben er underordna Vålerengens Idrettsforening (VIF). VIF blei stifta den 29. juli1913 frå Idrætspartiet Spark. Klubben har røter i bydelen Vålerenga i Oslo. Klubbens stordomstider på fotballbanen var på 1960- og 1980-talet. Oppnamnet Bohemene skriv seg frå 1960-talet, då fleire store profilar spela for klubben. Vålerenga Fotball har blitt seriemeister 5 gonger og cupmeistrar 4 gonger (2008).
Supportergruppa Klanen er truleg den mest kjende supportergruppa i Noreg og har om lag 14 000 medlemmar. Tilskodarrekorden blei sett 23. oktober 2005 mot Rosenborg, med 24 894 personar. Spelaren med flest obligatoriske toppseriekampar for Vålerenga gjennom tidende er Tom Henning Hovi. Frå 1998 til 2006 spela han 178 kampar.
Oppdatert 1. juli 2020 og endra 29. august 2020.[6]
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.