Klubben spelar i Eliteserien, og har også eit lag i 3. divisjon avdeling 2 (2020). Noverande hovudtrenar er Henrik Pedersen.
Klubben spela tidlegare i 1. divisjon (Adeccoligaen), men rykte opp til Tippeligaen etter uavgjort mot Løv-Ham5. november2006. Like etter sesongslutt i 2005 vart klubben kjøpt opp av lokale mangemillionærar, med Atle Kittelsen i spissen.
I seinare tid har Strømsgodset vunne cupen i 1991 og var tapande finalist i 1993 og 1997. Laget fekk òg 3. plass i Tippeligaen i 1997, 2. plass i 2012 og vant altså i 2013.
Klubben har sidan 1967 spela heimekampane sine på Marienlyst stadion i Drammen, tidlegare på Gulskogen Idrettspark.