Ål kommune ligg nord i Hallingdal i Buskerud fylke. Kommunen grensar i aust til Gol og Nes, i sør til Nore og Uvdal, i vest til Hol, i nordaust til Hemsedal og i nordvest til Lærdal i Sogn og Fjordane. Kommunegrensene til Ål kommune vart endra i 1979, då eit mindre område vart overført til Hemsedal, og i 2005 då eit mindre område vart overført frå Hol.
Administrasjonssenteret i kommunen er Ål, som har vidaregåande skule og folkehøgskule. Lokalavisa er Hallingdølen, som kjem ut tre dagar i veka.
Geografi
Ål kommune strekkjer seg mot nordvest til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane. Ål er ein utprega fjellkommune, der over 80 % av arealet er fjell og vidde over 900 moh., med nesten 1700 sjøar og vatn. Det høgste fjellet i kommunen er Raudbergskarvet (1819 moh.) i nordvest på grensa til Lærdal kommune. Eit anna markant og høgt fjell er Reineskarvet (1791 moh.). Hallingdalen dannar hovuddalen i Ål kommune og går gjennom kommunen i den sørlege delen i retning vest–aust, og Hallingdalselve dannar i Ål den lange og smale Strandefjorden. Ål kommune har to tettstader, Ål og Torpo. I tillegg har kommunen bygdene Vats, Leveld, Votndalen, Torpo, Uppheim, Kvinnegardslia, Øvre-Ål, Sundre, Breie og Strand.
Næringsliv
Ål har eit allsidig næringsliv (med ei fordeling av sysselsette på primærnæring 11%, industri 13%, bygg og anlegg 10%, tertiærnæring 29% og offentleg forvaltning 33% [1]).
Det er mykje eng og beitemark i kommunen og fleire setrar er framleis i drift. Turistnæringa er ei viktig satsing i Ål med kring 2500 hytter, nokre hotell, to alpinanlegg og fleire preparerte løyper, men kommunen er ikkje ein like utprega turiststad som Geilo, Gol og Hemsedal. I tettstaden Ål kjem avisa Hallingdølen ut tre gonger i veka, på tysdagar, torsdagar og laurdagar[2].
Hallingdal Sjukestugu er distriktsmedisinsk senter i Hallingdal og ligg på Sundre.
Samferdsel
Bergensbanen går gjennom Ål kommune, på sørsida av dalen med stasjonane Ål og Torpo. På nordsida av dalen går riksveg 7 Oslo–Bergen. Det er fylkesveg nordover til bygdene Leveld og Vats, og opp til Myking gjennom dalføret til Kvinda. Fleire av vegane i fjellet er bygd ut i samband med kraftutbygginga.