Hallingdølen er ei avis som vert utgjeve i Ål kommune i Buskerud fylke. Embrik Luksengard er redaktør og Ola Stave er administrerande direktør. Avisa vart grunnlagd i 1936 og har fire gonger fått prisen Årets lokalavis, i 2005, 2008, 2012 og 2014. I 2014 og 2021[1] vart avisa også kåra til Årets europeiske lokalavis i European Newspaper Award. Avisa kjem ut på tirsdagar, torsdagar og laurdagar.
Ein hallingdøl er ein som kjem frå Hallingdal. Alt redaksjonelt stoff i avisa er på nynorsk.
Opplagstal
Utvikling i nettoopplag.[2]
År
|
Nettoopplag
|
2000
|
9 839
|
2001
|
9 838
|
2002
|
10 047
|
2003
|
10 081
|
2004
|
10 099
|
2005
|
10 169
|
2006
|
10 190
|
2007
|
10 215
|
2008
|
10 038
|
2009
|
9 796
|
2010
|
9 620
|
2014
|
9 127
|
Bakgrunnsstoff
Kjelder