Zverevo (russisk Зве́рево) er ein by i Rostov oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 100 km nord for Rostov-na-Donu.
Zverevo vart grunnlagt som ein gruvebusetnad på byrjinga av 1900-talet. Han fekk status som urbanliknande busetnad i 1929 og bystatus i 1989.