Worcester er ein by i Worcester County i Massachusetts i USA ved Blackstone River. Han er kalla opp etter Worcester i England og har litt over 180 000 innbyggjarar og den nest største byen i New England.[1]
Worcester ligg om lag 64 km vest for Boston. Byen er kjend som ein mølleby. Byen har maskin- metall-, våpen-, tekstil- og papirindustri, samt framstilling av ler- og glasprodukt. Han er sete for Clark University, som vart grunnlagd i 1887, og har fleire høgskular og museum.
Byen var eit viktig senter for motstanden mot slavehald på 1800-talet. Ein årleg musikkfestival, som har eksistert sidan 1858, vert halden her kvar oktober.
Kjelder
«Worcester – Massachusetts» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff