Walk Away Renée/Pretty Ballerina er debutalbumet til det amerikanske barokkpopbandetThe Left Banke, gjeve ut i februar 1967. Det er kalla opp etter dei to hitsinglane deira, «Walk Away Renée» og «Pretty Ballerina», og nådde 67. plassen på Billboard Albums-lista.[3] Sjølv om albumet ikkje var særleg populært då det kom ut, og ei stund var temmeleg obskurt,[4] vert det i dag rekna som eit av dei klåraste døma på barokk popmusikk.[5]
Bakgrunn
I 1966 gav The Left Banke ut singlane «Walk Away Renée» og «Pretty Ballerina», som nådde høvesvis femte og femtandeplassen på Billboard Hot 100. Dei var skrivne av klaverspelaren Michael Brown, som var sonen til produsenten deira og jazzfiolinisten Harry Lookofsky, og begge singlane og B-sidene deira var med på albumet.
Dei første innspelingane for Walk Away Renée/Pretty Ballerina byrja i desember 1965 i det vesle World United Studio på 48th og Broadway på Manhattan, medan innspelingane for singlane fann stad i mars og november 1966. Resten av albumet vart spelt inn i januar 1967 i Mercury Studios i New York.[1] I løpet av 1966 sparka faren til Michael Brown, Harry Lookofsky, både den orriginale trommeslagaren Warren David-Schierhorst og gitaristen Jeff Winfield, og erstatta dei med George Cameron og Rick Brand.[6]
Dei fleste songane på albumet er sungen av Steve Martin Caro, med harmonivokal av bassistenTom Finn og trommeslagaren Cameron. Dei fleste songane er òg spelte inn med ekstra studiomusikarar. Klaverspelaren Brown er den einaste som spelar instrument på kvar song.[6] Det er likevel sjølve bandet som spelar på songane «Let Go of You Girl» og «Lazy Day».[6] «What Do You Know», med solovokal av Brown, er eit tidleg døme på countryrock, på liknande vis som dei samtidige The Byrds, International Submarine Band og Buffalo Springfield.
↑The album, and indeed the band, does not even rate a mention in two early rock music encyclopedias - The Illustrated Encyclopedia of Rock (New York: Harmony Books, 1977) and The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll (New York: Random House, 1980 ISBN0-394-73938-8).