Vjatsjeslav Mikhajlovitsj Molotov[1] (9. mars 1890–8. november 1986) var ein sovjetisk politikar og diplomat. Han var den einaste av dei framståande bolsjevikane som overlevde Josef Stalin sine utreinskingar på 1930-talet. Han var utanriksminister for Sovjetunionen frå 1939 til 1949 og frå 1953 til 1956.
Molotov vart i 1957 fråteken verva sine, og send som ambassadør til Mongolia. Nikita Khrusjtsjov hadde vorte ny leiar for Sovjetunionen, og ein trudde at Molotov ynskte å eit meir stalinistisk styresett.
Molotov-Ribbentrop-pakta og molotovcocktail har namn etter Molotov. Byen Perm bar namnet Molotov frå andre verdskrigen fram til 1957.
Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!