Den internasjonale kommunismen blei i 1919 organisert i den Kommunistiske Internasjonalen, også kalla Tredje Internasjonalen, som Josef Stalin oppløyste i 1943. Etter den tid finst det eigentleg ikkje lenger nokon internasjonal kommunisme, men ei rekkje ulike «kommunismar» knytte til dei ulike eittpartiregima der det statsberande partiet har brukt denne nemninga om seg sjølv.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.