Vinjefjorden aust for Arasvikfjorden er 25 km lang og er på det djupaste 224 m djup. Heile Vinjefjorden frå Talgsjøen i aust er 53 km lang og rundt 320 m djup på det djupaste.
Vinjefjorden er kjent som ein «sildefjord» men det vert òg fiska laks, sei og torsk helt oppe i 20 kg. Den 30. august2005 rømde vel 850 000 oppdrettslaks frå Marine Harvest på Tustna og mykje av den fisken som rømde tok vegen til Vinjefjorden. Dermed vart fjorden full av laks og lokalbefolkninga hamstra fleire hundre kilo laks [1].
På nordsida av den indre delen av fjorden strekkjer den lengste samanhengande hasselskogen i Nord-Europa seg oppetter fjellsida.