Villa del Casale, Villa Romana del Casale, sicilianskVilla Rumana dû Casali, er restane etter ein romerskvilla (stort bustadhus på landet med sekundære bygningar) i nærleiken av byen Piazza Armerina i provinsen Enna på Sicilia. Villaen vart påbyrja på slutten av tohundretalet og var i bruk fram til han vart øydelagt i ein brann i 1160, og seinare dekt til av eit jordras. Villaen utmerkar seg ved eit trettitals mosaikkbilete av særs framifrå kvalitet på til saman 3 500 rutemeter. Den fyrste mosaikken vart avdekt i 1929, og restaureringa av villaen vart avslutta i 1954. I 1997 vart villaen ført opp på verdsarvlista til UNESCO.
Mosaikken Den store jakta
Kvinner som driv sport
Kvinne som driv sport
Kvinner med ball
Ung kvinne som øver med handvekter (manualar)
Kjærleiksscene
Jaktscene, mosaikk i «afrikansk stil» (med skuggar)