Verdsmeisterskapen i sjakk 2013

Regjerande verdsmeister Viswanathan Anand
Utfordrar Magnus Carlsen

Verdsmeisterskapen i sjakk 2013 var ein tittelkamp i sjakk mellom den regjerande verdsmeisteren, Viswanathan Anand og norske Magnus Carlsen som vann kandidatturneringa i London.[1] Tittelkampen blei arrangert av Fédération Internationale des Échecs (FIDE) i perioden 6.–22. november 2013.[2] Arena for meisterskapen var hotellet Hyatt Regency Chennai i Chennai i India, som også er Anands hjemby.[3]

Etter gjennomføringa av det tiande partiet 22. november, hadde Carlsen oppnådd dei nødvendige 6,5 poenga for å vinne, mot Anands 3,5, og blei dermed kåra til ny verdsmeister.[4]

Resultat

Verdsmeisterskapen i sjakk 2013
Rating Parti 1
9. nov
Parti 2
10. nov
Parti 3
12. nov
Parti 4
13. nov
Parti 5
15. nov
Parti 6
16. nov
Parti 7
18. nov
Parti 8
19. nov
Parti 9
21. nov
Parti 10
22. nov
Parti 11
24. nov
Parti 12
26. nov
Poeng
 NOR Magnus Carlsen (Noreg) 2870 ½ ½ ½ ½ 1 1 ½ ½ 1 ½
 IND Viswanathan Anand (India) 2775 ½ ½ ½ ½ 0 0 ½ ½ 0 ½

Kandidatturneringa

Vinnaren av Kandidatturneringa 2013 blei Anands utfordrar i tittelkampen. Etter meir enn femti år med utslagsturnering, blei turneringa arrangert som round robin med åtte deltakarar.[5] Turneringa fant stad i Institution of Engineering and Technology, Savoy Place, London, og pågjekk frå 15. mars til 1. april 2013.[6]

Deltakarar

Deltakarane, som blei valde ut frå FIDE sine kriterium, var:[7]

Kriterium for deltaking Kvalifiserte deltakarar
Dei tre øvst plasserte etter Verdscupen i sjakk 2011  Russland Peter Svidler (Russland)
 Russland Aleksandr Grisjtsjuk (Russland)
 Ukraina Vasilij Ivantsjuk (Ukraina)
Tapande finalist frå Verdsmeisterskapen i sjakk 2012  Israel Boris Gelfand (Israel)
Dei tre høgst rangerte spelarane i verda
(snittet frå FIDEs verdsranking for juli 2011 og januar 2012)
 Norge Magnus Carlsen (Noreg)
 Armenia Levon Aronian (Armenia)
 Russland Vladimir Kramnik (Russland)
Spelar vald av Kandidatturneringa si organisasjonskomité
(FIDE-ranking må per januar 2012 vere minst 2700)[7][8]
 Aserbajdsjan Teimour Radjabov (Aserbajdsjan)

Resultatoversikt frå Kandidatturneringa

Tabellen etter Kandidatturneringas siste runde:[9]
Plassering Deltakar Rating
Mars 2013[10]
1 2 3 4 5 6 7 8 Poeng Ved lik score
Innbyrdes
oppgjer
Antal
sigre
SBS
1  Norge Magnus Carlsen (NOR) 2872 * * ½ ½ 1 0 ½ ½ 1 1 1 ½ 0 ½ ½ 1 8,5 1,0 5 56,25
2  Russland Vladimir Kramnik (RUS) 2810 ½ ½ * * 1 ½ ½ 1 ½ ½ ½ 1 ½ 0 1 ½ 8,5 1,0 4 57,75
3  Russland Peter Svidler (RUS) 2747 0 1 ½ 0 * * 1 ½ ½ ½ ½ ½ 1 ½ 1 ½ 8,0 1.5 4 52,75
4  Armenia Levon Aronian (ARM) 2809 ½ ½ 0 ½ ½ 0 * * 1 0 ½ ½ 1 1 1 1 8,0 0,5 5 43,00
5  Israel Boris Gelfand (ISR) 2740 0 0 ½ ½ ½ ½ 0 1 * * ½ ½ ½ ½ ½ 1 6,5 1,0 2 43,00
6  Russland Aleksandr Grisjtsjuk (RUS) 2764 ½ 0 0 ½ ½ ½ ½ ½ ½ ½ * * 1 ½ ½ ½ 6,5 1,0 1 44,00
7  Ukraina Vasilij Ivantsjuk (UKR) 2757 ½ 1 ½ 1 ½ 0 0 0 ½ ½ ½ 0 * * 0 1 6,0 0,0 3 43,25
8  Aserbajdsjan Teimour Radjabov (AZE) 2793 0 ½ ½ 0 0 ½ 0 0 0 ½ ½ ½ 1 0 * * 4,0 0,0 1 28,25

Dersom to eller fleire spelarar ligg på førsteplass med like mange poeng, blir turneringa vidare avgjord av

  1. antal poeng oppnådd i innbyrdes oppgjer
  2. antal spell vunne
  3. poeng etter Sonneborn - Berger systemet[7]


Referansar

  1. «Carlsen tapte sitt livs viktigste parti - klar for VM-finale likevel», av Eivind Skjervum, dagbladet.no, 1. april 2013. Besøkt 2. april 2013.
  2. FIDE Calendar 2013. Besøkt 2. april 2013 (en)
  3. «FIDE offers 2013 World Chess C'ship to Chennai» Arkivert 2012-07-07 ved Archive.is, av Hari Hara Nandanan, The Times of India, 12. august 2011. Besøkt 1. april 2013 (en)
  4. FIDE Magnus Carlsen is World Champion
  5. «FIDE Candidates: a historical perspective» Arkivert 2013-03-14 ved Wayback Machine., av Peter Doggers, ChessVibes.com, 11. mars 2013. Besøkt 1. april 2013 (en)
  6. «FIDE Candidates' Tournament officially opened by Ilyumzhinov» Arkivert 2013-03-17 ved Wayback Machine., av Peter Doggers, ChessVibes.com, 15. mars 2013. Besøkt 1. april 2013 (en)
  7. 7,0 7,1 7,2 «Rules & regulations for the Candidates Tournament of the FIDE World Championship cycle 2011-2013», FIDE. Besøkt 1. april 2013 (PDF) (en)
  8. «The Candidates' in London; is FIDE selling its World Championship cycle?» Arkivert 2012-04-14 ved Wayback Machine., av Peter Doggers, chessVibes, 14. februar 2012. Besøkt 1. april 2013 (en)
  9. «Tournament standings, FIDE. Besøkt 31. mars 2013
  10. «FIDE Top players – Top 100 Players March 2013», FIDE. Besøkt 1. mars 2013 (en)

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!