Verdsmeisterskapen i orientering 2017, den 34. i sitt slag, vart avvikla ved Tartu i Estland dagane frå 30. juni til 7. juli. På programmet stod seks individuelle tevlingar og tre stafettar: ein for menn, ein for kvinner og ein mix-stafett. Deltakarane kom frå 50 land. Det var fyrste gongen orienterings-VM fann stad i Estland.
Sverige vann 4 gull- og 3 bronsemedaljar, medan Russland sanka 5 (0–3–2) medaljar. Noreg tok 2 gullmedaljar og ein sølvmedalje.