Verdsmeisterskapen i orientering 2013, den 30. i sitt slag, vart avvikla ved Vuokatti i Finland dagane frå 6. til 14. juli. På programmet stod seks individuelle tevlingar og to stafettar, likt fordelt menn og kvinner. Deltakarane kom frå 44 land. Det var fjerde gongen orienterings-VM fann stad i Finland, sist i 2001.
Sveits vann 3 gullmedaljar og ein bronsemedalje. Sverige tok flest medaljar med 7, fire i sølv og tre i bronse. Arrangørlandet sanka 5 (1–2– 2) medaljar. Noreg fekk ein medalje då kvinnene overraskande sprang inn til siger i stafett-tevlinga.