Verdsmeisterskapen i orientering 1991, den 14. i sitt slag, vart avvikla i Mariánské Lázně i dåverande Tsjekkoslovakia, no Tsjekkia, dagane frå 20. til 25. august. Det var andre gongen landet arrangerte ein verdsmeisterskap i orientering, 19 år etter den fyrste. For fyrste gong stod fire individuelle tevlingar på programmet, likt fordelt menn og kvinner.
Deltakarane kom frå 28 land. Sverige dominerte meisterskapen med i alt sju (2-3-2) medaljar, framom arrangørlandet som tok fem (2-1-2) medaljar. Noreg vann to sølvmedaljar, begge kom i stafettane.