Verdsmeisterskapen i orientering 1978, den 7. i sitt slag, vart avvikla ved Hokksund og Kongsberg i dåverande Buskerud fylke dagane frå 15. til 17. september. Det var fyrste gongen ein verdsmeisterskap i orientering fann stad i Noreg. Deltakarane kom frå 20 land.