Verdsmeisterskapen i orientering 1974, den femte i sitt slag, vart avvikla ved Silkeborg i Danmark dagane frå 20. til 22. september. Deltakarane kom frå 16 land. I dei individuelle tevlingane stilte 76 karar og 53 kvinner til start.