Verdsmeisterskapen i orientering 1972, den fjerde i sitt slag, vart avvikla i Staré Splavy ved Doksy i dåverande Tsjekkoslovakia dagane frå 14. til 16. september. Deltakarane kom frå 17 land. I dei individuelle tevlingane stilte 77 karar og 49 kvinner til start.