Vasall (frå keltisk uuas, gwas, 'tenar', gjennom gammalfransk[1]) er den undergjevne parten i eit føydalt truskapsforhold.[2] Det kan visa til ein person som har fått eit geografisk område å styre på vegner av makthavaren på eit høgare nivå, eller til ein vasallstat, som er ein stat med avgrensa sjølvstyre som følgje av overherredømet til ein annan stad.[3]
Ein vasall som hadde lenet sitt direkte frå kongene, blei kalla kronvasall eller pair.[2]