Ushaiger (arabisk أشيقر) er ein liten landsby nær Shaqraa i Saudi-Arabia. Han ligg 200 km nordvest for Riyadh.
Ushaiger er ein av dei eldste byane i regionen Najd og var ein viktig stoppestad for pilegrimar som kom frå Kuwait, Irak og Iran under hajj eller umrah. Han vart opphavleg kalla A’ekel, men dette namnet vart etter kvart byta ut med Ushaiger.
Historisk sett har Ushaiger høyrt til Tamim-stamma, men det har òg budd andre stammer her.
Kjelder