Finalen i UEFA-cupen fotball 2004 fann stad på Ullevi i Göteborg 19. mai 2004 framfor 39 000 tilskodarar. Oppgjeret stod mellom spanske Valencia CF og franske Olympique Marseille. Valencia sikra seg UEFA-pokalen med siger 2-0.
Kampen
Olympique Marseille vart redusert til 10 mann då målvakta Fabien Barthez vart utvist straks før pause, etter å ha laga straffespark, ei straffe Vicente Rodríguez nytta til gje Valencia leiinga. I det 58. minutt auka lagkameraten Mista Ferrer til 2-0 for Valencia. Sidan kontrollerte laget frå Valencia inn til siger.