Ullevi, eller Ullevi stadion, tidlegare Nya Ullevi, er ein idrettsarena i Göteborg i Sverige. Ullevi vert, eller har vore, nytta til store internasjonale idrettstevlingar for idrettar som fotball, friidrett, boksing, skeiseløp, speedway og ishockey, samt til rocke-konsertar og ulike show.
Ullevi vart innvigd i framkant av VM i fotball 1958. Etter ombygging har arenaen plass til 43 200 tilskodarar under idrettsarrangement. Ved konserter er kapasiteten kring 59 000 plasser, 25 000 av desse er ståplassar på banen.