UEFA-cupfinalen i fotball 1973 stod mellom engelske Liverpool FC og vesttyske Borussia Mönchengladbach og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 10. mai på Anfield Road i Liverpool framfor vel 41 000 tilskodarar, returkampen 23. mai på Bökelbergstadion i Mönchengladbach med knapt 35 000 på tribunane. Liverpool FC vann pokalen med sluttsiffera 3 mot 2.
Kampane
På Anfield Road skåra Kevin Keegan to mål for Liverpool i den fyrste omgangen, etter pause la Larry Lloyd på til 3-0.
I Mönchengladbach tok heimelaget leiinga 2-0 til pause, etter skåringar av Jupp Heynckes i det 29. og 40 minutt. Andreomgangen vart mållaus, så då sluttsignalet lydde kunne Liverpool-kapteinen Tommy Smith heve UEFA-trofeet.