Hughes spelte frå 1964 på midtbana til Blackpool FC, eit av botnlaga i den engelske toppserien. I februar 1967 vart han mot 65 000 pund overført til Liverpool FC. På 1970-talet var han kaptein for eit mannskap som frå 1973 sanka pokal etter pokal. Hughes lukkast då vinne fire ligameisterskap, to UEFA-cupfinalar, FA-cupen 1974 og europacupen for serievinnarar i såvel 1977 som i 1978. Sommaren 1979 vart han overført til Wolverhampton Wanderers. Den 15. mars 1980 var han kaptein for laget som vann ligacupfinalen 1-0 over Nottingham Forest. Frå 1981 til -84 var Hughes aktiv på lågare nivå med Rotherham, Hull og Swansea.
Landslagsspel
Hughes deltok i 62 landskampar for England i tida frå november 1969 til mai 1980. Han var lagkaptein i 23 kampar, sitt einaste landslagsmål skåra han då England slo Wales 3-0 i den britiske meisterskapen 20. mai 1972. Hughes var med i troppa til Fotball-VM 1970, utan å få speletid.
Merittar
Vinnar av Europacupen: 1977 og 1978 med Liverpool FC
Vinnar av UEFA-cupen: 1973 og 1976 med Liverpool FC
Engelsk ligameister; 1973, 1976, 1977 og 1979 med Liverpool FC
Vinnar av FA-cupen: 1974 med Liverpool FC
Vinnar av den engelske ligacupen: 1980 med Liverpool FC
Finalist i FA-cupen: 1971 og 1977 med Liverpool FC
Finalist i den engelske ligacupen: 1978 med Liverpool FC