Tärendö älv eller Tärendöälven (tornedalsfinsk Täränönväylä, finsk: Tärännönjoki) er ei elv i Norrbottens län i Sverige. Ho er ei av dei få bifurkasjonane i Norden. Bifurkasjonar av denne typen, som ligg langt frå munningen, og endar i ei heilt anna elv, finst det få av i heile verda. Ein pleier å samanlikne Tärendöälven med Casiquiare-kanalen i Brasil. Elva fører ved Junosuando meir enn halvparten av vassføringa til Torne älv over til Kalixälven.
Kjelder