Kalixälven eller Kalix älv er ei elv i Norrbottens län i Sverige. Ho er 430 km lang[1] og nedbørområdet er 18 130 km²[2] og middelvassføringa er 290 m³/s.
Elva byrjar i Kebnekajse-massivet i Kiruna kommun, og renn mot søraust gjennom landskapet Lappland. Ved Tärendö snur elva mot sør og renn gjennom Norrbotten. Ho munnar ut i Bottenviken søraust for Kalix. Dei viktigaste sideelvane er Kaitumälven, Tärendöälven og Ängesån.
Kalixälven er saman med Vindelälven, Torne älv og Pite älv ei av dei fire store elvane i Norrland som ikkje er utbygd til energiproduksjon. Det ligg fleire fosser og stryk i elva, derav dei største er Jockfallet og Linafallet.
Namnet er ei forsvensking av det nordsamiske namnet Gáláseatnu, som er danna av gállit = «vade» eller gálus = «sval» og eatnu = «stor elv». På Tornedalsfinsk vert kalla elva Kainhuun väylä, Kaihnuun väylä i den sørlege delen av elva, nedstraums frå Tärendö. Nord for Tärendö nyttar ein ofte Kaalas väylä eller/og Kaalas eno.
Elva var frå russisk side foreslått som grenseelv då Sverige måtte avstå Finland til Russland etter Finskekrigen i 1808-1809. Sverige ønskte at grensa skulle gå ved Kemi älv, og til slutt vart grensa trekt ved Torne älv, midtvegs mellom dei to.
Kjelder