Tsjerkasy oblast (ukrainsk Черкаська область Tsjerkaska oblast ) er eit oblast (provins) i det sentrale Ukraina. Det er delt i to av Dnepr, og administrasjonsbyen er Tsjerkasy.
Geografi
Tsjerkasy oblast er, med sine 20 000 km², og er det 18. største oblastet i Ukraina og dekkjer 3,5% av landet. Det grensar i nord til Kiev oblast, i aust til Poltava oblast, i sør til Kirovohrad oblast og i vest til Vinnytsia oblast. Mesteparten av oblastet ligg på vestsida av Dnepr. Austsida, som ligg lågare enn vestsida, var i tidlegare tider ofte utsett for flaum. Vasskraftutbygging på 1900-talet har fjerna det problemet.
Demografi
Per 2022 hadde Tsjerkasy oblast 1 160 744 innbyggjarar. Under folketeljinga i 2001 budde 53,7% av folkesetnaden i byar og 46,3% på landsbygda. Ein overveldande majoritet er etnisk ukrainarar (93,6%), medan russarar utgjer 5,4%, hovudsakleg konsentrert i byen Tsjerkasy.