«Black Country Woman»
«Trampled Under Foot» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, frå albumet Physical Graffiti frå 1975.
Songen vart skriven av Robert Plant, Jimmy Page og John Paul Jones, og vart utvikla ut frå ein jam i 1972.[1] Teksten var inspirert av bluesartisten Robert Johnson sin «Terraplane Blues» frå 1936.[2] Ein Terraplane er ein klassisk bil, og songen nyttar bildelar som metaforar for sex, «pump your gas», «rev all night», osv.[3]
Mykje av innøvinga av songen gjekk ut på å gjere det harde funk-riffet som dominerer songen perfekt.[2] John Paul Jones har nemnd Stevie Wonder som inspirasjon for rytmen («Superstition», 1973), som han spelar på clavinet.[2][4] I lag med ein solid rytme frå Bonham, vart songen seinare remiksa og BBC-programmet Old Grey Whistle Test, synkroniserte songen med svart-kvitt-filmklipp av jenter som dansa. Gitarist Jimmy Page spelte wah-wah og som produsent nytta han baklengsekko på innspelinga.[2][5]
«Trampled Under Foot» vart ein standard under konsertane til Led Zeppelin frå 1975 og frametter, og vart spela på kvar turne fram til 1980.[2] Han vart òg spela på gjenforeiningskonserten til Led Zeppelin i O2 Arena i London den 10. desember 2007. Då songen vart spela live, strekte dei han ofte ut med lengre gitar- og klaversoloar og stundom la Plant til tekst frå songen «Gallows Pole».
I lag med «No Quarter» fekk Jones synt seg fram som ein dyktig klaverspelar på «Trampled Under Foot» under konsertane. Eit døme på dette frå Earls Court Arena i 1975 er gjeve ut på Led Zeppelin DVD.
«Trampled Under Foot» vart mykje spela på radio då han kom ut og singelen nådde 38. plass i USA.