«The Voice» skaffa Irland sin sjuande og hittil siste siger i Eurovision Song Contest. Sjølv om den internasjonale finalen vart arrangert i Oslo i 1996, kom «The Voice» aldri inn på VG-lista. Men songen tok seg inn på singellistene i blant anna Irland, Storbritannia og Sverige.
Om songen
«The Voice» er ein keltisk-inspirert, melodisk låt, ein stil som var populær i midten av 1990-åra. Året før hadde Noreg vunne med «Nocturne» som også var ein song i keltisk musikkstil. Teksta handlar om at songaren ser seg sjølv som stemma som vaker over verda og effekten ho har på elementa som jord, luft og vatn.[2]
Eurovision Song Contest
«The Voice» var eit av åtte bidrag som deltok i den irske finalen i Dublin 3. mars 1998. I finalen kåra åtte regionale jurygrupper «The Voice» til ein klar vinnar med 105 poeng, og songen vart dimed det irske bidraget til Eurovision Song Contest i Oslo Spektrum laurdag 18. mai same år.[3]
I den internasjonale finalen var Irland det 17. bidraget på scena av 23 bidrag. Quinn stilla i lang, kvit kjole med gullbroderingar, og i tillegg til Kringkastingsorkestret vart hun akkompagnert av tradisjonelle irske slaginstrument, treblåsarar og strengeinstrument.
I byrjinga av avrøystinga kjempa fleire land om å liggje i teten, men etter kvart tok Irland leiinga og heldt på henne heilt til slutt. «The Voice» fekk til saman 162 poeng – 48 poeng framfor Noreg og «I evighet», som vart nummer to. Den norske juryen gav 10 poeng til det irske bidraget.[4]
Sigeren var den sjuande til Irland og den fjerde til Irland på berre fem år. Irland har ikkje vunne Eurovision Song Contest sidan, men hadde per 2021 framleis rekorden i talet på sigrar. Dette var også den andre sigeren til Brendan Graham som låtskrivar; han stod også bak «Rock ’n’ Roll Kids» som vann Eurovision Song Contest i 1994.
Etter sigeren
Sjølv om songen var i tråd med dåtidas musikkånd, vart ikkje «The Voice» nokon stor internasjonal hit. Songen nådde ein tredjeplass på den irske singellista, og ein niandeplass i belgiske Flandern, ellers fekk den liten suksess. Sjølv om finalen dette året gjekk av stabelen i Noreg, kom ikkje vinnarlåten inn på norske VG-lista. I staden vart det britiske bidragetGina G og «Ooh Aah... Just a Little Bit» den store hiten i Europa dette året. Den britiske songen toppa hitlistene i Storbritannia, nådde ein tolvteplass i USA og klatra til ein femteplass på VG-lista.[5][6][7] Trass suksessen vart Gina G berre nummer åtte i Eurovision Song Contest dette året.