Making Your Mind Up

«Making Your Mind Up»
Song av Bucks Fizz
Land Storbritannia
Språk Engelsk
Utgjeve 12. mars 1981
Sjanger Pop, rock 'n' roll
Lengd 02:39
Selskap RCA[1]
Låtskrivar(ar) Andy Hill og John Danter
Produsent Andy Hill

«Making Your Mind Up» ('å bestemme deg') er ein britisk poplåt som vann Eurovision Song Contest 1981 for Storbritannia. Songen blei fremført av popgruppa Bucks Fizz som blei skipa berre månader før tevlinga. Songen var komponert av Andy Hill, mens John Danter skreiv teksta. Dei hadde henta inspirasjon frå 1950-åras swing og rock 'n' roll, og songen vekte oppsikt fordi dei to mannlege gruppemedlemmane reiv av skjørta på kvinnene midtvegs i framføringa. «Making Your Mind Up» blei ein stor hit etter Eurovision Song Contest og gjekk til topps på ei rekkje europeiske hitlister. I Noreg nådde songen ein andreplass på VG-lista.[2]

Bakgrunn

På slutten av 1980 samarbeidet låtskrivaren Andy Hill med John Danter og skreiv «Making Your Mind Up» spesielt for den britiske finalen i forkant av Eurovision Song Contest 1981. Songen blei plukka ut til å delta i den britiske finalen, og låtskrivarane starta med å setje saman ei gruppe til å framføre songen. Resultatet blei kvartetten Bucks Fizz, beståande av Bobby G., Cheryl Baker, Mike Nolan og Jay Aston.[3]

Gruppa sikra seg ein plateavtale med RCA Records, og songen blei publisert av Paper Music. Dansenummeret til gruppa blei laga av koreografen Chrissie Whickham, eit tidlegare medlem av dansetroppen Hot Gossip.[4]

Teksta

«Making Your Mind Up» handlar om at du må sjå å bestemme deg og ikkje vingle, for det kan treffe deg hardt. Du må stole på ditt indre syn og samtidig køyre på. Det er nemleg på tide å bestemme seg.[5]

Eurovision Song Contest

11. mars 1981 deltok Bucks Fizz med «Making Your Mind Up» i den britiske finalen Song for Europe. I sterk konkurranse med fleire kjente artistar og musikarar, vann kvartetten den britiske finalen klårt med 97 poeng. Dei blei dimed det britiske bidraget til Eurovision Song Contest i Dublin laurdag 4. april.[6]

Dagen etter finalen blei singelen sloppen for sal, og gruppa reiste rundt i Storbritannia for å promotere songen. Blant anna opptredde dei i BBC-programmet Top of the Pops, noko som førte til at singelen entra den britiske singellista som nummer 24. Veka etter klatra han til femteplass.[7] BBC spela også inn ein promoteringsvideo med songen og gruppa. I videoen vandrar Bucks Fizz rundt i varehuset Harrods i London.

Eurovision-finalen

4. april gjekk Eurovision Song Contest 1981 av stabelen i Dublin. Der var «Making Your Mind Up» det 14. bidraget på scena av 20 bidrag, rett etter Noregs Finn Kalvik med «Aldri i livet». Den livlege swing-inspirerte framføringa skilde seg ut i mengda, og midtvegs i songen reiv dei mannlege gruppemedlemmane av swingskjørta på kvinnene. Under hadde dei enda kortare skjørt. Like minnerik var også songprestasjonen til gruppa, der nokon tilsynelatande song i eit høgare toneleie enn dei skulle.[8] I eit intervju i 1986 fortalde Cheryl Baker at ho song i eit høgare røysteleie enn resten av gruppa på grunn av nervar.[9] Mike Nolan forklara på si side at mikrofonane deira blei bytta om like før framføringa. Det medførte at Baker og Jay Aston song inn i hovudmikrofonane, som hadde eit høgare volum.[4] Men jurygruppene baserte poenga sine på generalprøve-framføringa kvelden før.

I forkant av Eurovision var Storbritannia den store favoritten, men avrøystinga blei svært jamn. Både Frankrike, Irland, Sveits, Tyskland og Storbritannia kjempa lenge om sigeren, men heilt til slutt tok Storbritannia ei avgjerande leiing og vann med 136 poeng, berre 4 poeng føre Tyskland. Den norske jurygruppa gav berre 3 poeng til «Making Your Mind Up».[10]

Etter sigeren

«Making Your Mind Up» blei ein stor europeisk hit etter Eurovision Song Contest og gjekk til topps på den britiske singellista. Der låg han i tre veker. Songen selde dessutan til gull i Storbritannia, og blei ein av årets mestseljande singlar.[11][12] Songen tok seg også inn på hitlister verda over og toppa hitlistene i ei rekkje land. I Noreg låg han sju veker på VG-lista, derav fire veker som nummer 2, berre slått av Gry Jannicke Jarlum med «Svake mennesker».[13]

Singelen var den fyrste av rundt 20 britiske singlar for Bucks Fizz. Singelen blei raskt etterfølgd av «Piece of the Action» og debutalbumet Bucks Fizz.[14] «Making Your Mind Up» blei også den 47. mest selde singelen i Storbritannia i 1980-åra.[15] Trass i suksessen til «Making Your Mind Up», er han ikkje den mest populære hos fansen til gruppa, og gruppemedlem Cheryl Baker rangerer han heller ikkje blant deira beste songar.[16][17]

«Making Your Mind Up» fekk også stor popularitet i Australia og på New Zealand, der han nådde topp ti på singellistene i begge landa. I Australia selte singelen til gull, og gruppa blei svært populær «Down Under». Albumet til gruppa, Bucks Fizz, selte også nesten til platina.[18]

Den mykje omtalte skjørte-episoden under dansenummeret har blitt gjenteken ei rekkje gongar i Eurovision Song Contest sidan. Den mest kjende er kanskje vinnarbidraget til Latvia i 2002, «I Wanna» med Marie N.[19]

«Making Your Mind Up» blei parodiert av mange artistar etter dens suksess, med alternative titlar: «Me vas a volver loco», sungen av den spanske gruppa Parchís; «Rock and Roll Cowboy», framført av den tyske songaren Maggie Mae; og «It's Only a Wind Up», framført av den britiske humorgruppa Brown Sauce.

BBC brukte også tittelen på songen på sin britiske nasjonale finale frå 2004 til 2007. Showet, det britiske svaret på Melodi Grand Prix, heitte då Making Your Mind Up.

Listeplasseringar

Liste Høgaste
plassering
Veker
på lista
Dato for
inntreden
 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[20] 1 14 1. mai 1981
 Australia (Kent Music Report)[21] 6 1981
 Belgia, Flandern (Ultratop)[22] 1 12 25. april 1981
 Danmark (Top 20)[23] 1 1981
 Finland (Suomen virallinen lista)[24] 5
 Frankrike (IFOP)[25] 58 5 17. april 1981
 Irland (Irish Singles Chart)[26] 1 10 29. mars 1981
 Island (Vísir)[27] 3
 Israel (israelsk singelliste)[23] 1 1981
 Nederland (Single Top 100)[28] 1 11 25. april 1981
 New Zealand (Listener)[29] 3 18 20. september 1981
 Noreg (VG-lista)[2] 2 7 Veke 19 1981
 Spania (SER/PROMUSICAE)[30] 5 14 9. mai 1981
 Storbritannia (UK Singles Chart)[7] 1 12 28. mars 1981
 Sveits (Schweizer Hitparade)[31] 3 10 19. april 1981
 Sverige (Sverigetopplistan)[32] 2 6 24. april 1981
 Sør-Afrika (Springbok Radio/Radio Orion)[33] 7 7 15. mai 1981
 Vest-Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[34] 5 21 20. april 1981

Kjelder

  1. «Bucks Fizz ‎– Making Your Mind Up». discogs.com. Henta 21. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 «VG-lista for 'Making Your Mind Up'». VG Nett. Henta 21. februar 2017. 
  3. Beauty and brains behind Bucks Fizz, David Wigg, Daily Express, 15. juni 1981
  4. 4,0 4,1 The Bucks Fizz Story Glassbeach Media - DVD- documentar
  5. «Making Your Mind Up – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 21. februar 2017. 
  6. «UK National Final 1981». National Finals Pages. Henta 21. februar 2017. 
  7. 7,0 7,1 «Making Your Mind Up – chart history». Official Charts Company. Henta 21. februar 2017. 
  8. «Video av Eurovision-framføringen». RTÉ/EBU via YouTube. 26. mars 2012. Henta 21. februar 2017. 
  9. Intervju med Cheryl BakerWogan, BBC Television, april 1986
  10. «Eurovision Song Contest 1981 – Scoreboard». www.eurovision.tv. Henta 21. februar 2017. 
  11. Chart Stats - Bucks Fizz - Making Your Mind Up
  12. «Britiske sertifiseringer – Bucks Fizz (skriv inn Bucks Fizz, velg artist og trykk søk)». British Phonographic Industry. Arkivert frå originalen 1. august 2017. Henta 21. februar 2017. 
  13. «VG-lista uke 20, 1981». VG Nett. Henta 21. februar 2017. 
  14. Chart Stats - Bucks Fizz
  15. Forums, BuzzJack Entertainment. «Music forums focusing on chart music with chart and entertainment discussion.». www.buzzjack.com (på engelsk). Henta 21. februar 2017. 
  16. Nul Points, BBC-dokumentar, 1993
  17. Chester, Jason (19. mai 2015). «Cheryl Baker reveals unrequited love for Bucks Fizz band-mate Mike Nolan». Mail Online. 
  18. Glenn Baker (17. oktober 1981). «RCA in Australia Seeing Bit Of ABBA In Bucksfizz». Billboard Magazine: 71. 
  19. eurovision.tv - Marie Ns fremførelse
  20. Hung, Steffen. «Bucks Fizz – Making Your Mind Up». austriancharts.at. Henta 21. februar 2017. 
  21. Kent, David (1993). Australian Chart, Books 1970–1992. Australian Chart Book. ISBN 9780646119175. 
  22. «Making Your Mind Up – Ultratop». ultratop.be. Henta 21. februar 2017. 
  23. 23,0 23,1 O'Connor, John Kennedy (2005). The Eurovision Song Contest – The Official History. Carlton Books. ISBN 978-1-84442-994-3. 
  24. Timo (13 August 2015). «Sisältää hitin: Levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1960: Artistit BRA - BÅG». Sisältää hitin. Henta 20. november 2020. 
  25. «Oversikt over sanger på fransk singelliste (søk 'Bucks Fizz' ved å trykke ctrl+s ev. cmd+f)». InfoDisc.fr. Henta 21. februar 2017. 
  26. http://www.fireballmedia.ie. «The Irish Charts (skriv 'Making Your Mind Up' i søkefeltet)». www.irishcharts.ie. Henta 21. februar 2017. 
  27. «Vísir - 102. Tölublað (08.05.1981) - Tímarit.is». timarit.is. Henta 20. november 2020. 
  28. Hung, Steffen. «Buck Fizz – Making Your Mind Up». dutchcharts.nl. Henta 21. februar 2017. 
  29. Hung, Steffen. «charts.org.nz – Bucks Fizz – Making Your Mind Up». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 12. oktober 2012. Henta 21. februar 2017. 
  30. «Bucks Fizz – Superventas 1981». Listas De Superventas. 12. februar 2010. Henta 21. februar 2017. 
  31. Hung, Steffen. «Bucks Fizz – Making Your Mind Up – hitparade.ch». www.hitparade.ch. Henta 21. februar 2017. 
  32. «Bucks Fizz – Making Your Mind Up (låt)». hitparad.se. Henta 21. februar 2017. 
  33. Currin, Brian. «South African Rock Lists Website - SA Charts 1965 - 1989 Acts (B)». www.rock.co.za. Henta 21. februar 2017. 
  34. «Offisiell tysk singelliste (skriv 'Making Your Mind Up' i søkefeltet)». Deutsche Offizielle Charts. Henta 21. februar 2017. 

Read other articles:

مايكل أرويو معلومات شخصية الميلاد 23 أبريل 1987 (العمر 36 سنة)غواياكيل-الإكوادور الطول 1.80 م (5 قدم 11 بوصة) مركز اللعب وسط الجنسية الإكوادور  معلومات النادي النادي الحالي برشلونة الرقم 11 مسيرة الشباب سنوات فريق 2002–2007 إيميلك المسيرة الاحترافية1 سنوات فريق م. (هـ.) 2005–2008 إ

 

Місто Веллтонангл. Wellton Координати 32°40′17″ пн. ш. 114°08′27″ зх. д. / 32.67138888891677340° пн. ш. 114.14083333335777581° зх. д. / 32.67138888891677340; -114.14083333335777581Координати: 32°40′17″ пн. ш. 114°08′27″ зх. д. / 32.67138888891677340° пн. ш. 114.14083333335777581° зх. д.࿯...

 

Edit-a-thon for Visual Artists of the African Diaspora di Joan Mitchell Center, yang dipandu oleh Black Lunch Table di New Orleans Wikipedia telah dikritik karena memiliki ketimpangan rasial sistemik dalam sorotannya, karena representasi rendah orang kulit berwarna dalam basis penyuntingnya.[1] Presiden Wikimedia D.C. pada masa lampau, James Hare, menyatakan bahwa ruang sejarah orang kulit hitam dihiraukan di Wikipedia, karena artikel-artikel umumnya ditulis oleh para penyunting kulit...

Former congressional district New York's 36th congressional districtObsolete districtCreated1900Eliminated1980Years active1903–1983 NY-36 redirects here. The term may also refer to New York State Route 36. New York's 36th congressional district was a congressional district for the United States House of Representatives in New York. It was created in 1903 as a result of the 1900 census. It was eliminated as a result of the redistricting cycle after the 1980 census. It was last represented by...

 

هذه المقالة تحتاج للمزيد من الوصلات للمقالات الأخرى للمساعدة في ترابط مقالات الموسوعة. فضلًا ساعد في تحسين هذه المقالة بإضافة وصلات إلى المقالات المتعلقة بها الموجودة في النص الحالي. (فبراير 2019) هذه المقالة يتيمة إذ تصل إليها مقالات أخرى قليلة جدًا. فضلًا، ساعد بإضافة وصلة...

 

2008 American Samoan general election Gubernatorial election ← 2004 4 November 2008 (first round)18 November 2008 (second round) 2012 →   Nominee Togiola Tulafono Utu Abe Malae Running mate Ipulasi Aitofele Sunia Nua Mailo Saoluaga Popular vote 6,590 5,084 Percentage 56.45% 43.55% Governor before election Togiola Tulafono Elected Governor Togiola Tulafono U.S. House delegate election ← 2006 4 November 2008 2010 →   Candidate Eni ...

NFL team season 1977 Atlanta Falcons seasonOwnerRankin M. Smith Sr.General managerEddie LeBaronHead coachLeeman BennettHome fieldFulton County StadiumResultsRecord7–7Division place2nd NFC WestPlayoff finishDid not qualifyPro BowlersCB Rolland Lawrence DE Claude Humphrey P John James ← 1976 Falcons seasons 1978 → The 1977 Atlanta Falcons season was the team's 12th year in the National Football League. The team finished the season 7–7, and did not qualify for the ...

 

Herman Charles Hoskier (1864–1938), was a biblical scholar, British textual critic, and son of a merchant banker, Herman Hoskier (1832–1904).[1] Hoskier, as textual critic, generally but not entirely supported the Byzantine text-type against the Alexandrian text-type. He compared, in Codex B and It Allies, the text of Codex Vaticanus with Codex Sinaiticus, and showed how many significant disagreements the best witnesses of the Alexandrian text have. Hoskier attempted to demonstrat...

 

Ghost town in Western Australia Day DawnWestern AustraliaDay Dawn in 1904.Day DawnCoordinates27°28′00″S 117°52′00″E / 27.46667°S 117.86667°E / -27.46667; 117.86667Population0 (abandoned)[citation needed]Established1894LGA(s)Shire of CueState electorate(s)North WestFederal division(s)Durack Day Dawn is a ghost town in the Mid West/upper Murchison region of Western Australia. It was a significant mining town and mine in the late nineteenth centur...

Indian entertainment company AGS Entertainment Pvt. LtdTypePrivateIndustryEntertainment (motion pictures, movie theatres)Founded2006HeadquartersChennai, Tamil Nadu, India, ChennaiTamilnaduKey peopleKalpathi S. Aghoram Kalpathi S. Ganesh Kalpathi S. Suresh Revenue1.5 BillionOwnerKalpathi S. Aghoram, Kalpathi S. Ganesh, Kalpathi S. SureshNumber of employees133 EmployeesParentKalpathi InvestmentsWebsiteAgs cinemas AGS Entertainment is an Indian film production, distribution company, and multiple...

 

German film director You can help expand this article with text translated from the corresponding article in German. (August 2010) Click [show] for important translation instructions. View a machine-translated version of the German article. Machine translation, like DeepL or Google Translate, is a useful starting point for translations, but translators must revise errors as necessary and confirm that the translation is accurate, rather than simply copy-pasting machine-translated text int...

 

English churchman This article is written like a personal reflection, personal essay, or argumentative essay that states a Wikipedia editor's personal feelings or presents an original argument about a topic. Please help improve it by rewriting it in an encyclopedic style. (April 2022) (Learn how and when to remove this template message) This article includes a list of references, related reading, or external links, but its sources remain unclear because it lacks inline citations. Please help ...

American poet Samuel WoodworthBorn(1784-01-13)January 13, 1784Scituate, MassachusettsDiedDecember 9, 1842(1842-12-09) (aged 58)New York, New YorkOccupationWriterSpouse Lydia Reeder ​(m. 1810)​Children10Signature Samuel Woodworth (January 13, 1784 – December 9, 1842) was an American author, literary journalist, playwright, librettist, and poet. Life Woodworth was born in Scituate, Massachusetts, to Revolutionary War veteran Benjamin Woodworth and his wife Ab...

 

У этого термина существуют и другие значения, см. От моря до моря (значения). Большой герб Канады с девизом A MARI USQUE AD MARE От мо́ря до мо́ря (лат. A mari usque ad mare) — национальный девиз Канады, который берёт своё начало из восьмого стиха псалма 71 (в некоторых переводах и оригина...

 

Восстановление плейстоценовой мегафауны — природоохранная идеология, пропагандирующая создание национальных парков, на территории которых будет осуществлено максимально полное восстановление природных экосистем в том виде, в котором они существовали до массовог...

Restaurant in Toronto, Ontario, Canada QuetzalRestaurant informationFood typeMexicanRating (Michelin Guide)Street address419 College StreetCityTorontoPostal/ZIP CodeM5T 1T1CountryCanadaCoordinates43°39′23.3″N 79°24′24.9″W / 43.656472°N 79.406917°W / 43.656472; -79.406917Websitewww.quetzaltoronto.com Quetzal is a Mexican restaurant in Toronto, Ontario, Canada.[1][2] The restaurant has received a Michelin star.[3][4] See also L...

 

Resolusi 1577Dewan Keamanan PBBBurundiTanggal1 Desember 2004Sidang no.5.093KodeS/RES/1577 (Dokumen)TopikSituasi di BurundiRingkasan hasil15 mendukungTidak ada menentangTidak ada abstainHasilDiadopsiKomposisi Dewan KeamananAnggota tetap Tiongkok Prancis Rusia Britania Raya Amerika SerikatAnggota tidak tetap Aljazair Angola Benin Brasil Chili Spanyol Jerman Pakistan Filipina Rumania Resolusi 1577 Dewan Keamanan...

 

Olympic shooting event Men's 300 metre free rifle, three positionsat the Games of the XV OlympiadShooting pictogramVenueHelsinki, FinlandDate27 JulyCompetitors32 from 18 nationsWinning score1123 ORMedalists Anatoli Bogdanov Soviet Union Robert Bürchler Switzerland Lev Vainshtein Soviet Union← 19481956 → Shooting at the1952 Summer OlympicsRifle300 metre riflemen50 m rifle, three positionsmen50 m rifle, pronemenPistol25 m rapid fire pistolmen50 me...

Flammable liquid hydrocarbon mixture Not to be confused with Naphthalene. For the hydrocarbon liquid stream derived from the refining of crude oil, see Petroleum naphtha. For the character in the book by Thomas Mann, see Herr Naphta. This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Naphtha – news · newspapers · books...

 

Sculpture in Brussels NATO StarFrench: La Rose des VentsLocation outside NATO's previous headquartersArtistRaymond HuyberechtsYear1971MediumFactory-oxidised steelDimensions700 cm × 700 cm (280 in × 280 in)LocationNATO headquarters, City of Brussels, BelgiumCoordinates50°52′43.8″N 4°25′34″E / 50.878833°N 4.42611°E / 50.878833; 4.42611OwnerNorth Atlantic Treaty Organization The NATO Star is a sculpture situated in t...

 

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!