Andreas Andresen Haukeland (fødd 12. april 1993), betre kjend under artistnamnet TIX, er ein norsk artist, produsent og låtskrivar frå Bærum.[1][2][3]
Utover i 2010-åra gjorde han seg nemnd som produsent av kontroversielle russesongar, og i 2015 vart han landskjend for den svært omdiskuterte russelåten «Sjeiken».[4] I 2018 gav han ut sin fyrste solosingel, «Shotgun», og sidan har han laga musikk med meir seriøse og personlege tema og tekstar.[5] Sommaren 2019 toppa TIX VG-lista med den sjølvbiografiske låten «Jeg vil ikke leve».[6][7][8] Han toppa VG-lista på nytt med «Kaller på deg» og «Karantene», og i 2020 var han den meststrøymande artisten i Noreg.[9][10] TIX var ein av finalistane i Melodi Grand Prix 2021 og vann med låten «Ut av mørket».[11]
TIX er kjend for sin fargerike og flamboyante stil med pelskåpe, solbriller og panneband påført med teksta «TIX».[12] Artistnamnet kjem frå tourettes syndrom, som Haukeland har hatt sidan barndomen.[13] Syndromet medfører ufrivillige rykkingar, såkalla «tics». Desse gjorde at han vart mobba på skulen, men han valde å ta eigarskap over «ticsa» ved å ta artistnamnet «TIX».[14] TIX brukar solbriller for å skjula rykkingar med auga.
TIX vart landskjend i Noreg i 2015 med den kontroversielle russelåten «Sjeiken 2015».[15][4] Songteksta vart gjenstand for debatt i fleire veker, medan TIX sjølv svarte på kritikken ved å leggje ut ein Snapchat-serie der han bada i pengar.[16][17] I 2016 gav han ut sit fyrste og førebels einaste album, Dømt og berømt, som låg 79 veker på den offisielle norske albumlista.[18]
I tillegg til russemusikken har TIX jobba som låtskrivar i Los Angeles, der han blant anna har skrive «Game Time» for Flo Rida og «Sweet But Psycho» for Avea Max.[19] Sommaren 2017 var TIX oppvarmingsartist for Justin Bieber på Forus Travbane i Stavanger.[20]
Etter fleire år med russelåtar og festmusikk, gav Haukeland i 2018 ut sin fyrste solosingel, «Shotgun». Sidan følgde fleire låtar med meir seriøse og personlege tekster, og i 2019 toppa han for fyrste gong VG-lista med den djupt personlege låten «Jegg vil ikke leve». Han har sidan følgd opp med ei rekkje personlege og tidsaktuelle låtar, blant anna «Når jeg er full», «Kaller på deg» og «Karantene».[21] Han toppa VG-lista på ny med dei to sistnemnde.[22] I takt med overgangen frå russelåtar til meir folkelege og personlege poplåtar, har han òg fått eit breiare publikum og meir heider frå musikkbransjen og pressa.[13][19][5] I 2020 var TIX den meststrøymande artisten i Noreg.[9][10] Han har òg vorte hylla for sin openheit rundt einsemd, depresjon og sjølvmordstankar.[23]
I 2019 deltok han i den ellevte sesongen av Paradise Hotel, og same år avslutta han VG-lista Topp-20-konserten på Rådhusplassen i Oslo.[21][24][25] I 2020 var TIX dommar i Idol, og hausten same år opptredde han under P3 Gull, der han framførte låten «Tusen tårer» for fyrste gong.[26]
I januar 2021 var han gjest i talkshowet Lindmo på NRK1, der han fortalde om sin einsemd, depresjon og sjølvmordforsøk.[23][27] Der fortalde han at låten «Jeg vil ikke leve» var basert på røynslene frå den vanskelege perioden.[28]
Vinteren 2021 deltok han i Melodi Grand Prix med låten «Ut av mørket» / «Fallen Angel», og vann den norske finalen laurdag 20. februar 2021.[11][29]