Share to: share facebook share twitter share wa share telegram print page

Stor irsk sekkepipe

Stor irsk sekkepipe
Andre namnPíob mhór
Klassifiseringmusikkinstrument
Hornbostel-Sachs klassifiseringBlanda: 422.122.2 & 422.221.1
Ein irsk sekkepipespelar med stor sekkepipe, frå ein kopi av eit tresnitt frå 1578.

Stor irsk sekkepipe eller irsk krigssekkepipe (píob mhór; bokstaveleg ‘store piper’) er ein irsk variant av stor skotsk sekkepipe. På engelsk er instrumentet kjent som Irish warpipes. Den fyrste bruken av den gæliske termen på Irland er kjend i eit dikt av Seán Ó Neachtain (ca. 1650-1728), der sekkepipene er nemnde som píb mhór.[1]

Historie

Gris som speler sekkepipe frå Dinnseanchus, ca. 1300.

Ein av dei eldste omtalane av ei irsk sekkepipe kjem frå ei skildring av gravferda til Donnchadh mac Ceallach, kongen av Osraige i 927 e.Kr.[2] Ein sannsynleg fyrste referanse til sekkepiper som blei spelte i krig er funne i eit manuskript skrive mellom 1484 og 1487 som inneheld ein irsk gælisk versjon av «Fierabras»: sitatet «sinnter adharca & píba agaibh do tionól bur sluaigh» kan omsetjast til ‘lat horn og sekkepiper spelast av deg for å samla styrken din.’[3] Dei fyrste klare referansane til den irske sekkepipa kjem i samband med Henrik VIII si omleiring av Boulogne. Ein mønstringsrull av «Kerne som skal transporterast til England for å tena kongen» inneheld innføringar av ulike sekkepipespelarar som er knytte til desse styrkane, som «The Baron of Delvene's Kerne: Brene McGuntyre pyper.»[4] Holinshed's Chronicles (1577) for mai 1544 fortel: «In the same moneth also passed through the citie of London in warlike manner, to the number of seven hundred Irishmen, having for their weapons darts and handguns with bagpipes before them: and in St. James Park besides Westminster they mustered before the king.»[4]

I eit verk frå 1581 skreiv musikaren Vincenzo Galilei, far til astronomen Galileo, at sekkepipa «er mykje brukt av irar: etter lyden av den går desse uovervinnelege, grufulle og krigerske folka fram i hæren og oppfordrar kvarandre til å gjera modige gjerningar. With it they also accompany the dead to the grave making such sorrowful sounds as to invite, nay to compel the bystander to weep.» Same året gav John Derricke ut diktet «The Image of Ireland», der sekkepipene allereie blir brukte til å formidla signal i slag:

Now goe the foes to wracke
The Kerne apace doe sweate
And baggepype then instead of Trompe
Doe lull the back retreate

Sekkepiper verker å ha vore viktige i krigen mot William av Oranien. Då den utviste kongen Jakob II kom fram til Cork i mars 1689, blei han motteken med «sekkepiper og dans, og ein kasta kappene sine under hesten hans.» På vegen til slottet i Dublin, «spelte sekkepipespelarane i fleire selskap tonen til ‘The King enjoys his own again’.»[5]

Det finst meldingar frå slutten av 1600-talet om bruk av sekkepiper i fredstid, til dømes for å spela for hurlinglag.[5] For referansar frå 1700-talet er det likevel ofte vanskeleg å seia om sekkepipene det blir referert til i eit bestemt tilfelle er píob mhór eller eit anna instrument. Det finst ei rekkje rapporter om sekkepipespelarar i irske regiment i den britiske hæren på 1800-talet.[6][7]

I løpet av 1800-talet døydde irsk sekkepipe ut, eller blei i det minste ukjent. Det er mogleg at píob mhór framleis blei spelt av nokre få individ, men kom til å bli sett som hovudsakleg skotsk.[8]

Moderne instrument

På andre halvdel av 1800-talet verker det som om den generelle gjenopplivinga av irsk nasjonalisme og gælisk kultur fall saman med ei tilbakevending av populariteten til sekkepipa. Kunsten byrja ta seg opp igjen til sekkepipene hadde stor popularitet i både militæret og blant sivile. I dag er sekkepipekorps av same slag som Highland-forma utbreidde i britiske regiment med irsk tilknyting og i det irske forsvaret, og det finst mange lokale korps over heile Republikken og i Nord-Irland. Dei store irske sekkepipene som blir spelt i dag er dei same som skotsk sekkepipe.

Tidlegare forsøk på å laga eit særskilt instrument for irske sekkepipespelarar har ikkje vist seg å vera populære i det lange løpet. I fyrste halvdel av 1900-talet var det svært vanleg å spela sekkepiper med berre ei tenorbordun. Det blei gjort fleire forsøk på å forbetra pipene; den mest suksessrike var sekkepipemakaren Starck frå London sin modell «Brian Boru», med ei spelepipa med tangentar som gjorde at ein kunne spela eit fullt spekter av tradisjonell musikk og ein barytondrone. Slike instrument blir lagra av nokre få produsentar i dag, og blir berre av eit fåtal musikarar.

Kjelder

  1. Donnelly, Seán (April 1984). «The Warpipes in Ireland IV». Ceol. 
  2. Keating, Geoffrey. Dinneen, red. «The History of Ireland». David Nutt / Irish Texts Society. 
  3. Donnelly, Seán (2001). The Early History of Piping in Ireland. Dublin: Na Píobairí Uilleann. s. 9. ISBN 9780950974392. 
  4. 4,0 4,1 Donnelly, Seán (Juli 1981). «The Warpipes in Ireland I». Ceol. 
  5. 5,0 5,1 Donnelly, Seán (April 1983). «The Warpipes in Ireland III». Ceol. 
  6. Grattan Flood, W. H. (1911). The Story of the Bagpipe. London / New York: Walter Scott Publishing / Charles Scribern's Sons. s. 149 – via Internet Archive. 
  7. «Volunteers of Ireland presumed at or near Camden, 1780». BattleOfCamden.org. Arkivert frå originalen 3 February 2018. 
  8. Lecic, Ned. «The Irish Warpipes». IrishMusicAssociation.com. 

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Stor irsk sekkepipe
Prefix: a b c d e f g h i j k l m n o p q r s t u v w x y z 0 1 2 3 4 5 6 7 8 9

Portal di Ensiklopedia Dunia

Kembali kehalaman sebelumnya