Spelemannen Johannes Dale var rekna som ein svært påliteleg kjelde til slåttespel i Tinn. Difor er det skrive ned uvanleg mange slåttar etter han, og hardingfeleverket har registrert 126 nedskrifter, dei fleste gjort av Eivind Groven. Han skreiv ned ei lang rekkje slåttar etter Johannes Dale i 1961, og fleire i 1970. Elles er nedskriftene ved Truls Ørpen (1922, 1937 og oppatt 1951) og Sven Nyhus (1977-78).
Dei fleste slåttane på lista er etter farfaren Knut Dale, men det finst og nokre etter andre spelemenn i Tinn og Tuddal.