Ski er ein by i Nordre Follo kommune i Akershus fylke.
Staden var administrasjonssenter i Ski kommune i Akershus fylke med 21 434 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tettstaden er eit viktig service- og kommunikasjonssentrum i Follo-regionen. Ski har det største handelssenteret i Follo, med kontor for Indre Follo tingrett, arbeidskontoret i Follo og Follo politikammer. Staden har sjukehus og psykiatrisk poliklinikk, Frambu helsesenter for sjeldne funksjonshemninger. Ski har vidaregåande skolar og LO-skolen på Sørmarka. Avisa Østlandets Blad kjem ut seks dagar i veka.
Ski svarar til sokna Kråkstad og Ski i Kråkstad prestegjeld, og Langhus sokn og prestegjeld, Follo prosti i Borg bispedømme, Ski lensmannsdistrikt i Follo politidistrikt og høyrer under Follo tingrett. Ski fekk bystatus i 2004, etter vedtak av Ski kommunestyre, og er den største tettstaden i Akershus utanom tettstaden Oslo.
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff