Sixty Four er det 21. studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det består av demoinnspelingar Donovan gjorde i 1964. Sixty Four kom ut i USA i februar 2004.
Sommaren 1964 forhandla Donovan om den første platekontrakten sin med Pye Records og spelte inn fleire demosongar. På denne tida var desse demoane meint å sirkulere mellom plateselskapa og ikkje meint for utgjeving. Lydbanda vart sidan arkiverte og var forholdsvis ukjende får publikum.
Då Donovan sette i gang med å samle inn material til den første samleboksen hans på CD, Troubadour: The Definitive Collection 1964-1976, tidleg i 1990-åra, fekk han tilgang til dei originale demoinnspelingane. To av songane vart gjevne ut i boksen, ei innspeling av Tim Hardin sin «London Town» og Buffy Sainte-Marie sin «Co'dine». Resten av lydbanda vart ikkje gjevne ut.
Etter utgjevinga av Sutras i 1996, fokuserte Donovan på å omorganisere føretaket sitt kring ei eiga nettside og lanserte sitt eige plateselskap, Donovan Discs. Eit lite opplag vart signert av Donovan og seld frå nettsida hans.
På demoinnspelinane speler den 18 år gamle Donovan gitar og munnspel. Stilen hans minnar om både Woody Guthrie og Bob Dylan, men songane har òg ein annan stil som han utvikla vidare på dei to første albuma sine, What's Bin Did and What's Bin Hid og Fairytale.