Scott Peninsula er ei isdekt halvøy, 17 nautiske mil (31 km) lang, som strekkjer seg frå kysten av Marie Byrd Land og ut i Getz isbrem mot vestenden av Wright Island. Ho vart kartlagd av United States Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1959-66. Ho vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter oberstløytnant Thomas Scott, USA, som assisterte under starten av U.S. Navy Operasjon Deepfreeze under Det internasjonale geofysiske året.
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Scott Peninsula» (innhald frå Geographic Names Information System).