Scipione del Ferro (6. februar 1470–5. november 1526) var ein italiensk matematikar.
Han var professor ved universitetet i Bologna i 30 år og er kjend som oppdagaren av løysinga til tredjegradslikningar. Ferro heldt metoden hemmeleg, men han testamenterte papira sine til svigersonen sin og etterfølgjaren Annibale della Nave, og her vart metoden seinare funnen av Girolamo Cardano og Lodovico Ferrari.
Kjelder
«Scipione_del_Ferro» i Store norske leksikon, snl.no.