Dei fire tinga som hende på den opphavlege sanghadagen var at 1 250 opplyste disiplar møttest hjå Buddha, at dei alle var blitt ordinert av Buddha sjølv, at dei møttest utan nokon avtale på førehand, og at møtet fann stad ved fullmåne. Sanghadagen er ein av uposatha-dagane, sabbatliknande markeringar særskilt vigde til å følgja dei buddhistiske dhamma-prinsippa.
«Sangha» er eit ord som viser til buddhistfellesskapen, anten alle buddhistar eller berre munkar og nonner. På den første sanghadagen i Rajagaha heldt Buddha preika kalla Patimokkha, som gav munkane dei grunnleggjande reglane for korleis dei skulle leva og undervisa om buddhismen.
Feiring
Det finst ulike måtar å feira dagen på. Det er vanleg å halda seremoniar om dagen, medan ein går i opptog med levande lys rundt tempel om kvelden. Ein kan også gje gåver.