«Og den sjuande dagen fullferda Gud det verket han gjorde, og kvilde, den sjuande dagen, etter alt verket han hadde gjort. Og Gud velsigna den sjuande dagen, og gjorde honom heilag: for den dagen kvilde han etter alt sitt verk, det som Gud gjorde daa han skapte.»
I den eldste kristne kyrkja tok etterkvart feiringa av Jesu oppstode på søndagen over for den gamle jødiske skikken med å halde den sjuande dagen heilag.
Etter reformasjonen fanst det fleire små grupper kristne som ut frå eit ønske om å finne attende til den sanne, opphavlege kristendommen, òg byrja å halde den sjuande vekedagen heilag, ut frå det bodordetGud hadde gjeve i Bibelen.[1] På 1600-talet utvandra grupper av sjuandedagsbaptistar til Amerika og grunnla kyrkjelydar der. Då adventistkyrkja vart grunnlagt på midten av 1800-talet, forkynte dei at den sjuande dagen (laurdagen) var heilagdag, på grunnlag av bodet dei fann i Bibelen, eit bod som gjekk heilt attende til skapinga.[2]
Kjelder
Rolf H. Kvinge/Per W. Nærheim «Syvende-dagsadventistsamfunnet» i Kristne kirker og samfunnTapir forlag 1993 ISBN 82-519-1137-0